Søknad om bygging av landbruksveg
Før ein går i gang med bygging av landbruksveg må ein søke kommunen om løyve til å byggje.
Det er utarbeidd eige søknadsskjema, og det må følgje med kart med som viser veglinja.

Slike vegar skal byggjast i samsvar med normalar for landbruksvegar. Sjå plandokument nedanfor.
 
 
Tilskot:

Til vegbygging i landbruket yter Luster kommune eit tilskot på:

- 10% av godkjend kostnad til veganlegg som også får statstilskot.
- 20% av godkjend kostnad til veganlegg som ikkje får statstilskot.

Tilskot vert utbetalt etter at kommunen har godkjent veganlegg og framlagd rekneskap.