Rentefrie lån gjennom næringsfondet
Til bruksutbygging i landbruket kan Luster kommune yta rentefritt lån på 20 % av godkjent kostnadsoverslag.
- Nedre kostnadsgrense for å koma inn under ordninga er sett til kr 500 000.
- Låna er avdragsfrie i to år og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste.
Slik søkjer du
Skriv ein ein kortfatta søknad/ e-post der du skriv at
- du søkjer om lån i næringsfondet
- kva eigedom det gjeld (gbnr)
- føremålet med lånet (ombygging, nybygg, oppgradering, anna..)
- kor mykje du søkjer om, evt. at du søkjer om max. lån
- legg ved finansieringsplan/ kostnadsoverslag
Søknad med tilråding vert lagt fram for formannskapet og næringsutvalet.
Innovasjon Noreg sine ordningar
Innovasjon Noreg kan gje støtte til bruksutbygging i landbruket og til tilleggsnæringar med basis i landbruket. Det kan til dømes gjevast tilskot til nybygg eller utbetring av driftsbygningar, etablerartilskot, bedriftsutvikling, frukt og bær m.v. Les meir om prioritering av landbruksmidlar i Vestland på Innovasjon Norge si side.
Alle søknader skal gå gjennom kommunen.