Gjødselplan er eit viktig verktøy på garden  for å sikra rett gjødsling i høve til behovet for næringsstoff, kvalitet på avlinga og for å unngå forureining. Det kan og vera pengar å spara.

Det er lovpålagt å ha gjødslingsplan dersom du driv med planteproduksjon og får produksjonstilskot for jorda du disponerer, både på eige og leigd jordbruksareal. Kravet er det same om du driv konvensjonelt eller økologisk jordbruk.

Som grunnlag for planen skal det føreligga opplysningar om jordart med jordanalyser som ikkje er eldre enn 8 år, fjorårets og årets vekst samt forventa avlingsnivå. Gjødslingsbehovet skal og tilpassast gjødslingsnormer for distriktet. 

Forskrift om gjødselplanleggiing