Kommunen har heile 14 verneområde som ligg heilt eller delvis innafor kommunegrensa, med tre nasjonalparkar, sju naturreservat, tre landskapsvernområde og eitt fuglefredingsområde.

Totalt er 1435 km2 eller 52 % av kommunen sitt areal verna. Kommunen har sjølv ansvar for forvaltninga av naturreservat og fuglefredingsområde, medan dei tre nasjonalparkane har eigne forvaltarar og eigne styre. Kommunen fekk i 2008 status som nasjonalparkkommune.

Luster kommune kan by på eit breitt spekter av opplevingar. Me ynskjer at du skal kunne nyte naturen og nasjonalparkane, i kombinasjon med spennande aktivitetar både med og utan guide, god mat og ikkje minst ei god seng. Av aktivitetar kan du velje og vrake mellom, finn du alt i frå padling, SUP, juving, brevandring, fisking og mykje meir.

God informasjon om dei ulike fasilitetane Luster kommune tilbyr kan du finne på Fjord Norway sine sider her:

Hafslo

Solvorn-Gaupne

Jostedal

Skjolden


Luster kommune er innfallsport til tre nasjonalparkar:


Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980, og strekkjer seg mellom kommunane Vågå, Lom, Vang, Luster og Årdal. Nasjonalparken kan nytast både av dei som liker luftige toppar, og dei som trivst best nede i dei flotte dalføra. Området byr på eit majestetisk og alpint landskap med mykje historie.

Det er lett å ta seg til nasjonalparken med bil frå inst i Lustrafjorden langs fv. 55 mot Lom på austsida av fjellmassivet. Om sommaren går det òg ei bussrute på denne strekka

Jotunheimen nasjonalpark si heimeside

Nasjonalparkstyre for Jotunheimen (publikasjonar, kontaktinformasjon mm.)
 

 

Breheimen nasjonalpark  

Midt i mellom Jotunheimen og Jostedalsbreen finn du Breheimen nasjonalpark. Breheimen vart verna i 2009, og strekkjer seg mellom kommunane Lom, Skjåk og Luster. Breheimen byr på flott og vill natur, og om du heldig så kan du kanskje sjå villrein på turen. Flotte utgangspunkt for ein tur i Breheimen kan du mellom anna finne i Jostedalen eller frå Mørkridsdalen.

Breheimen nasjonalpark si heimeside

Nasjonalparkstyre for Breheimen (publikasjonar, kontaktinformasjon mm.)


Jostedalsbreen nasjonalpark

Nasjonalparken vart verna i 1991, og Jostedalsbreen blir i dag rekna som den største isbreen på fastland i Europa. Nasjonalparken med alle sine brearmar strekkjer seg gjennom kommunane Sunnfjord, Gloppen, Stryn, Luster og Sogndal. Anten du ynskjer å sjå breen frå avstand eller ta ein bretur, vil Jostedalen vere eit flott utgangspunkt med mange moglegheiter.

Jostedalsbreen nasjonalpark si heimeside

Nasjonalparkstyre for Jostedalsbreen (publikasjonar, kontaktinformasjon mm.)

 


Dei andre verneområda i kommunen:
 

Nigardsbreen naturreservat

Loi naturreservat

Luster allmenning naturreservat

Yngdalen naturreservat

Ytamo naturreservat

Bargarden naturreservat

Drægnsimorki-Yttrismorki naturrreservat

Vigdalen landskapsvernområde

Mørkrisdalen landskapsvernområde

Utladalen landskapsvernområde

Hafslovatnet fuglefredingsområde

 

I Noreg gir allemannsretten rett til å ferdast fritt til fots i utmark. Dei fleste turane i kommunen er merka, både i og utanfor verneområda. For å hindre store sår i terrenget, oppmodar me om å bruke desse stiane der du kan.