Statsforvaltaren har halde ope møte og grunneigarmøte om saka den 23. mars 2023. Området som er aktuelt å vurdere er om lag det som er prikka på kartet under. Merk at utgreiingsområdet ikkje er eit forslag til vernegrense. Å avklare kvar det er aktuelt at vernegrensene skal gå vil vere ein viktig del av ein eventuell verneprosess. 

Statsforvaltaren har vore tydeleg på at dette er eit frivillig vern, og følgjeleg er det kommunestyret i Luster som vedtek om prosessen skal gå vidare for utgreiing av eit vern. Om ein vel å gå vidare, så kan ein stoppe prosessen seinare. Under er lenke til informasjon om prosessen på Stasforvaltaren sine sider.

Luster kommune har som mål å behandle ei muleg utviding av nasjonalparken i formannskapet 14. juni og kommunestyret 22. juni. Eventuelle merknadar/ innspel til prosessen må sendast til postmottak@luster.kommune.no innan onsdag 31. mai. Då kan dei takast med i saksførebuingane.

Kontaktpersonar i kommunen:

Åshild Ekrene tlf 900 30 961
Knut Vidar Svanheld tlf 418 58 780
 

Meir informasjon

Informasjon om sjølve prosessen

Referat og presentasjonar: