Reservatet omfattar ein bestand gran som ein meiner er kome hit ved naturleg spreiing. Denne vesle granskogen (ca 50 dekar) vart i 1914 verna som det fyrste naturreservatet i Noreg. Den gongen fokuserte ein på å verna små, særeigne førekomstar av naturelement. I dag har naturreservatet ”vakse” til 10 km2, noko som speglar godt utviklinga innan naturvern-politikken. I moderne naturvern ynskjer ein nemleg ikkje berre å ta vare på dei spesielle og sjeldsynte lokalitetane, også å større område med natur som er representativ.

Naturreservatet er vanskeleg tilgjengeleg med mindre du har høve til å koma sjøvegen. Vidare er det svært bratt og dårleg med stiar, men dersom du har ein eventyrar i magen eller er interessert i skogplanter og fugl, så anbefaler me ein tur til Allmenningen. Du (private) må gjerne slå opp telt i verneområdet og laga deg eit kaffibål, men ver varsam med elden! Plukking av sopp og bær er tillate, det same gjeld fiske og jakt i samsvar med norsk lovverk. Elles er alt dyre- og plantelivet freda og skal ikkje øydeleggjast eller uroast, dette gjeld også daude planter. Søppel skal ikkje leggjast att i naturen.

Verneforskrifta

Vernekart

Forvaltningsplan