Her finn du gamle grove almetre som har vore styva i tidlegare tider. Då skar dei ned greinene med nokre års mellomrom for å nytta dei til dyrefôr. Almen hadde ord på seg for å vera særleg helsefremjande for husdyra.

Loi edellauvskogreservat er svært frodig og har flotte artsrike eng- og bergsamfunn med sjeldsynte planter, lav og mosar.

Du må gjerne ta deg ein tur til reservatet, som ligg mellom Kroken og Ornes. Eit besøk til Loi kan til dømes kombinerast med ein tur innom Urnes stavkyrkje, kyrkja vår som ligg på UNESCO si verdsarvliste. Hugs at alt liv, både dyr og planter, er freda i reservatet, og at det sjølvsagt ikkje er tillate å leggja att søppel her.

Sjå verneforskrift og kart på Statsforvaltaren si side