Vaksinasjon av barn 0-5 år

Ein følgjer nasjonalt vaksinasjonsprogram. Det vert vaksinert ved rutinekontrollar på helsestasjonen.

Vaksinasjon av skulebarn

Ein følgjer nasjonalt vaksinasjonsprogram etter fastsette intervall .Det vert vaksinert på skulen etter samtykkje frå foreldre.

Vaksinasjon til vaksne

Dersom ein manglar grunnvaksinasjon, kan ein som vaksen få utført dette ved helsestasjonen. Dette kan vere aktuelt etter ulike kreftbehandlingar ,eller som førebyggjande tiltak mot enkelte smittsomme sjukdommar. Grunnvaksinasjon er vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste.
Pris etter eiga prisliste.

Reisevaksinasjon

Aktuelt ved reiser til utlandet. Viktig å ta kontakt med fastlegen din i god tid før utreise for informasjon, rettleiing og time for vaksinering. Tlf 57 68 56 00

Prisar vaksinering

Influensavaksinasjon

Det er tilbod om vaksinering mot influensa og lungebetennelse kvar haust etter nærare kunngjering.