Haugåsen, Jostedalen gbnr. 207/47 (tomt 22)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 207/47. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Bustad

Byggjegrense
9 m frå senterlinje på Veg3 (Haugåsen). Sjå plankart.

Areal
1 066 m2

Utnyttingsgrad
U-grad: 0,3. Utrekning etter reglane i kap. 22 i byggeforskrift 1985.

Maksimal byggjehøgde

1 etasje over grunnmur.
Kan gje løyve til loftsetasje som er heilt eller delvis utnytta for varig opphald.

Utforming

Plassering av hus på plankart er retningsgjevande.

Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk utbygging.

Parkeringsplassar

Skal opparbeide én P-plass på tomta, i tillegg til evt. garasje

Garasje

Bør vere eit tilbygg til bustadhuset og skal tilpassast med omsyn til materialval, form og farge. Kan tillate frittliggjande garasje.

Situasjonsplan

Plassering av bustadhus og garasje, forstøtningsmur og tilkomst til huset skal syne.

Tilbake til feltet