Byggefeltet Verket 2 er eit nytt felt som vart regulert i 2011. Feltet har mest tomter for høgare utnytting, men det har også nokre einebustadtomter. Tomtestorleiken varierer frå to små tomter på i overkant av 400 m2 til 580 m2. Feltet er nokså flatt og ligg sentralt i kommunesenteret Gaupne, med utsyn mot bl.a. fjellet Hest og Molden. Feltet har sol heile året, men kort tid midt på vinteren.
Feltet ligg i gangavstand på fortau til kommunesenteret. Frå dei to øvste tomtene er det øvste del av feltet butikk, bakeri, barnehage og skule. Frå øvste tomta i feltet er det 600 m å gå til sentrum med butikkar og 900 m å gå til busshaldeplassen. Det er 700 m både til barneskule og ungdomsskule og det er 1 km til barnehagen. Frå Gaupne til Sogndal er det ca. 30 km. Det er 12 km til Heggmyrane skisenter og 42 km frå Turtagrø som er innfallsporten til Sognefjellet.