Bringebakkane, Luster gbnr. 44/55 (tomt 1)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 44/55. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Bustad med tilhøyrande anlegg

Byggjegrense
Om lag 5 m frå vegen. Sjå reguleringsplankart.

Areal
873 m2

Utnyttingsgrad
Maks utnyttingsgrad: 0,7. Utrekning etter reglane i kap. 22 i byggeforskrift 1985

Maksimal byggjehøgde

1 etasje over grunnmur.
Kan gje løyve til loftsetasje som har rom heilt eller delvis utnytta for varig opphald.

Tak

Minimum takvinkel 22 grader.

Utforming

Harmonisk utforming i bustadfeltet med god form og materialbruk på bygningane.  Farge på hus, og utforming, høgde og farge på gjerde samt støttemurar skal godkjennast av bygningssjefen.

Statistiske utrekningar skal følgje byggjemeldinga for støttemurar med ei høgd over 1,5 m mot offentleg veg og 2,0 m på private tomter.

Støttemurar mot offentleg veg med høgde over 1,5 meter skal sikrast med gjerde. Langs same veglinje skal gjerda ha ei einsarta utforming.

Parkeringsplassar

Skal opparbeidast 1 P-plass på tomta utanom veggrunn.

Situasjonsplan

Plassering av garasje, terrasse, buer og andre frittståande byggverk skal syne på situasjonsplanen.

Tilbake til feltet