SMIL - kommunal strategi 2021-2024

Forskrift om SMIL- tilskot  

Fristar

Søknadsfristar 2023 er 22. april og 15. oktober.

Frist for gjennomføring av innvilga prosjekt og tiltak er normalt 3 år.


Målgruppe

For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigedom der det går føre seg ein tilskotsberettiga produksjon. Den som leiger det tilskotsberettiga arealet kan søkje om tilskot dersom han har godkjenning frå eigar og har leigeavtale. Både eigar og ev leigetakar kan søke samstundes på tiltak på same gbnr.

Det vert ikkje gjev tilskot til tiltak som er gjennomført før søknadstidspunktet.


Prioriteringar for 2021–2024

Prioritet 1 

Antikvarisk restaurering av eldre stølshus og stølsmiljø 

Antikvarisk restaurering av støls-/utmarksløer 

Restaurering/rehabilitering av steingardar og bakkemurar 

Rydding av slåtte- og beitemark  

Restaurering av gamle ferdselsvegar knytt til jordbruk 

Tiltak som hindrar/reduserer ureining, som til dømes avrenning og klimagassutslepp frå jordbruksdrifta. 

Prioritet 2

Andre kulturhistorisk verdifulle bygningar knytte til gardsdrift 

Tiltak som bidreg til å ta vare på biologisk mangfald

Utarbeiding av skjøtselsplanar for spesielt verdifulle område

Fjerning av forvilla førekomstar av framande artar 

Prioritet 3 

Tiltak som bidreg til auka allmenn kjennskap til husmannsvesenet  

Tiltak på hus som er i bruk til bustad skal nedprioriterast, men ikkje utelukkast. 


Nokre presiseringar 

Søkjarar som har rett på produksjonstilskot med tiltak på eige bruk eller leigejord skal prioriterast framfor andre søkjarar. Søkjarar med bustadadresse på landbrukseigedomen blir prioritert føre søkjarar/eigarar som ikkje har flytta til eigedomen. I vurderinga skal det takast omsyn til tiltaket sin ålmenne verdi i form av synleggjering/tilgjengeleggjering av kulturlandskapskvaliteten det er snakk om.  Dersom tiltaket er knytt til eit nasjonalt, regionalt eller lokalt verdifullt natur- og kulturlandskap, skal dette vektleggjast i vurderinga.

Det vert ikkje gjeve tilskot til prosjekt som er igangsette eller avslutta før søkjetidspunktet. Ein søkjar kan ha opptil to forskjellege prosjekt samstundes gitt at der er ledige budsjettmidlar.

Kommunen får tildelt ei ramme som blir fordelt på søknadane. Kommunen må derfor gjere ei prioritering mellom søknadane som kjem inn i kvar søkaromgang. Prioriteringa kan vere både om ein får tilskot og/eller storleiken på tilskot.

 

Rettleiande satsar


Beite-/ skogrydding

Luster kommune nyttar standardsatsar for utrekning av tilskotsgrunnlag. Godkjent tilskotsgrunnlag er høvesvis kr 2000, 4000, eller 6000  pr. daa alt etter om prosjektet vert vurdert som lett, middels eller krevjande.

Time- og materialbruk til byggeprosjekt eller liknande

Tilskotsgrunnlag blir rekna ut frå time- og materialbruk, og kan gjerast av   prosjektansvarslege eller fagperson.

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l.): 350 kr/time
  • Bruk av traktor: 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800 kr/time (eller etter rekning)

Tilskotssatsar av tilskotsgrunnlag

Det ytes eingongstilskot med inntil 70% av godkjent kostnadsoverslag. Ved store ryddeprosjekt, kan tilskotsprosenten reduserast p.g.a. stordriftsfordeler.

For særskilte tiltak for å ivareta biologisk mangfald, kan det ytes tilskot med inntil 100% av godkjent kostnadsoverslag. For at SMIL skal komma fleire til gode, bør summen av SMIL- tilskot normalt ikkje overstiga kr 200 000 til same landbrukseigedom over ein periode på mindre enn 10 år.


Slik søker du

  1. Ta gjerne kontakt med kommunen fyrst dersom du er i tvil om prosjektet ditt kvalifiserer til tilskot, eller sjå  SMIL-vegleiing og skjema_Landbruksdirektoratet.no  
  2. Send søknad via Altinn med vedlegg. Aktuelle vedlegg er kart med market tiltaksområde (gjeld særleg tiltak i beitemark og på gamle vegar, bruk gjerne gardskart.nibio.no med flyfoto og teiknefunksjon), kostnadsoverslag, foto, beskriving av objekt og prosjekt, gode foto av objekt frå eldre og nyare dato, mv.
  3. Synfaring saman med sakshandsamar.
  4. Saka vert handsama av plan- og forvaltningsstyret, og du mottek brev om utfallet
  5. Du melder til sakshandsamar når prosjektet er ferdig eller med spørsmål undervegs.
  6. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt inn utbetalingsanmodning via Altinn.no eller levert ei kort ferdigmelding saman med dokumentasjon på kostnader/arbeidsinnsats, samt synt fram prosjektet i ei sluttsynfaring med sakshandsamar. Det er mogleg å få delutbetalingar undervegs. sjå  SMIL-vegleiing og skjema_Landbruksdirektoratet.no