Av felte hjortar var det 89 hannkalv, 79 hokalv, 66 spissbukk, 61 åringskolle, 107 eldre bukk og 130 eldre koller. Fellingstalet ligg på det jamne om ein ser på fellingstala frå 2010-2022.

 

Stolpediagram av tal skotne hjort 1995-2022. Pga langt tidsspenn er ikkje tal for dei enkelte åra opplista, men lågaste tal er 208 i 1996 og høgaste 671 i 2017

Sett hjort-registreringa og fellingstal viser ei noko redusert bestand. Ein hard vinter i 2021-2022 medførte stor kalvedød, noko ein ser igjen på fellingstala og sett spissbukk. Sett hjort- data viser om lag same tal som i år 2018, då det også var stor dødelegheit om vinteren og hjorten sto høgt i jakta som i år 2021. Fellingstala er også om lag på same nivå. Det er derfor grunn til å tru at bestandsstorleik er tilbake på om lag det same nivået me hadde hausten 2018. Bruk at termisk utstyr har auka i perioden. Kor mykje dette påverkar statistikken er vanskeleg å vite. Men det er ingen tvil om at det vil påverka statistikken. Sjå Hjorteviltregisteret for meir informasjon og statistikk.

 

 

Linjediagram av tal felte hjort pr. jegerdag. Sidan tala går 10 år tilbake er ikkje tala for kvart år lista opp, men lågaste er 0,11 i 2015 og høgaste 0,16 i 2017 og 2021.

Felte hjort per jegerdag er på 0,12. Det er om lag på same nivå som i 2018.

 

 

Linjediagram av tal sett hjort pr. jegerdag. Sidan tala går så mange år tilbake er ikkje tala for kvart år lista opp, men lågaste er 0,84 i 2018 og høgaste 1,32 i 2017.

Sett hjort per jegerdag er også synkande og forholdsvis låg. Berre 2018 har eit lågare tal.

 

 

Linjediagram av tal sett hjort pr. time. Sidan tala går så mange år tilbake er ikkje tala for kvart år lista opp, men lågaste er i 2018 med 0,14 utmark og 0,32 innmark, og høgst i 2017 med 25 utmark og 0,56 innmark.

Når ein ser på sett hjort pr. jegertime er det størst nedgang i sett hjort på innmark. Dette fordi hjorten sto høgt hausten 2021. Sett hjort per time utmark ligg på eit normalnivå.

 

 

Linjediagram av tal sett kolle pr. bukk og sett spiss pr. spissbukk. Sidan tala går så mange år tilbake er ikkje tala for kvart år lista opp, men lågaste tal for spissbukk pr. bukk er 0,27 i 2022 og høgste er 0,64 i 2013. Lågaste tal for sett kolle pr. bukk er 1,22 i 2017 og høgaste er 1,5 i 2014.

Trenden på set kolle per bukk har snudd i 2022. Me ser meir bukk per kolle. Utifrå erfaringstal så reknar ein med at når indeksen er om lag 1,5 kolle pr.bukk eller lågare så har ein tilstrekkeleg hanndyr i bestanden. Som du ser av den gråe grafen, er det sett lite spissbukk per bukk. Det same ser ein i år 2018. I 2017 og 2021 var det harde vintra for kalven som førte til stor kalvedødlegheit.

Luster kommune har eit mål om uttak på minimum 65 % kalv og ungdyr, og i 2022 var andelen 55 %. Det må arbeidast for å få jaktrettshavarar til å ha fokus på uttak av ungdyr og kalv. I 2022 var det svært lite ungdyr å jakte på, noko som gjorde det vanskeleg å nå målet på 65 %. Kalveuttaket var på 31 %, noko som er veldig bra.

Me vil takka jegerane god innsamling av data. Spesielt kjekt å sjå at stadig fleire nyttar nettsida settogskutt.no og appen aktivt ved registrering av sette og skotne dyr under jakta. Framover er det viktig at me får inn fleire slaktevekter med tanke på å fylgje storleiken på hjorten. Stadig større andel av jegerane legg inn slaktevekter, og i 2022 vart det registrert vekt på 42 % av dei felte dyra.