Det må vere næringsdrift av eit visst omfang på eigedommen, eller potensial for dette i samband med oppsetjing av hjortegjerde, eller fellestiltak knytt til bustadområde, veg m.m. om dette kan fremje viltforvaltninga i området. Gjerdet bør vere del av eit større samanhengande vern mot hjort om dette er mogleg. Gjerdetraséen må teiknast inn på eit kart som vert lagt ved søknaden.

Ved oppsetting av gjerde kan kommunen gje støtte på opptil 75% av godkjend materialkostnad før meirverdiavgift (opptil maks kr 75 pr meter). Kommunen kan støtte kostnad knytt til ikkje faste installasjonar kring til dømes rundballar. Det mest aktuelle er bruk av byggegjerde. Dette kan verte støtta av inntil 50% av kostnaden.

Gjerdet bør vere minimum 1.90 høgt, ha både undertråd og topptråd og vere av galvanisert stål, ha stolpar av minimum 8 cm trykkimpregnert kvalitet og vera bardunert i hjørna. Ved bruk av to høgder med netting må desse bindast ihop.

Det vert ikkje gitt tilskot til tiltak som allereie er påbegynt. Det vert ikkje gitt tilskot til vedlikehald av normal slitasje på anlegget. Tilskot for store prosjekt (over 25.000) må handsamast av formannsskapet i Luster kommune.

Kommunen kan avslå søknader etter søknadsmengde og tiltak som ikkje samsvarar med ordninga sitt føremål. Kommunen kan også prioritere prosjekt som gir auka matproduksjon eller klima-, energi- og miljøeffektive løysingar.

Tilskotet vert utbetalt etter ferdiggodkjenning frå Luster kommune.

Kontaktperson på eininga Landbruk og Naturforvaltning er Runar Hatlevoll 57 68 55 81

Tilskot til hjortegjerde søknadsskjema