Sist oppdatert: 20:40
Informasjon:
- Hydro Energi varslar ei vassføring i Fortunselva 31/10 som kan bli tilsvarande flaum i 2018.
- Varsom.no - Flaum- og skredfare til raudt farenivå
- Vasstand - Sognekraft
- Auka beredskap - Sognekraft
- Trafikkmeldingar - Vegvesen.no - Nyhende frå Statens vegvesen torsdag
- Vermelding - yr.no
- Det er venta store mengder nedbør over Vestland frå natt til torsdag, og det kan føre til overfløyming, flaum og skred. Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert for varselet i sin kommune på www.varsom.no.
- Som følgje av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elver og bekker. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elver kan ta nye løp.
- Folk vert oppmoda om å følgje med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved den type vêr/naturhendingar som er varsla, og gjer eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.
- SVV og fylkeskommunen vil kome med fortløpande informasjon om status på vegnettet. Oppdatert informasjon er å finne på www.vegvesen.no
- Straumbrot? Informasjon frå Sygnir
- Straumbrot? Informasjon frå Luster energiverk
Skule
- Elevar ved ungdomsskulane i Luster kommune får tilbod om heimeskule torsdag 31. oktober. Skuleskyss går som vanleg om veg er open.
- Sogndal VGS har heimeskule.
Veg
- Det blir ikkje vegstenging i Røneidsberget i morgon(torsdag) og fredag.
- Grunna uvær og skredfare blir vegar i Luster stengd preventivt i kveld 30.10 Kl. 22:00: Fv.5637 Skjolden – Urnes.
Beredskap
- Ferja er satt i beredskap for naudetatane
- Naudetatane er førbudd og føl situasjonen
Anna
- Arrangement på ungdomsklubben knytt til Halloween er avlyst
- Kommunestyremøte 31.10 er avlyst. Nytt tidspunkt kjem.
SMS Varsel
Det er sendt ut varsel til indre delar av kommune, Skjolden - Fortun, inkl Mørkridsdalen og Fortunsdalen 30.10 16:00:
Uværet Jakob treff Vestlandet morgonen 31/10/24. Varsom.no melder raudt farevarsel for jord- og flaumskred, raudt farevarsel for regn og oransje farevarsel for flaum.
Hydro Energi varslar ei vassføring i Fortunselva 31/10 som kan bli tilsvarande flaum i 2018.
Luster kommune varslar såleis at det i indre delar av kommunen blir svært mykje regn og fare for flaum.
Det er sendt ut varsel til indre delar av kommune, Skjolden og Mørkridsdalen 31.10 18:45:
Vegen til Mørkridsdalen er stengd ved Teigane på grunn av jordskred.