Frå 1. januar 2018 skriv Luster kommune ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. For bustader har kommunestyret vedteke å bruka Skatteetaten sine bustadverdiar (formuesgrunnlag) som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten.  Bustader som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten, vert takserte av kommunen i medhald av reglar i eigedomsskattelova.

Kommunen sender ut skattesetel kvart år som syner korleis eigedomsskatten for eigedomen din er rekna ut. Faktura for eigedomsskatt for 1.halvår vert sendt medio mars og andre halvår medio august.

UTREKNING AV EIGEDOMSSKATT

For å rekne ut eigedomsskatten har kommunen teke utgangspunkt i Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlaget). Formuesgrunnlaget er ei vurdering av bustaden sin marknadsverdi, berekna ut frå bustaden sitt areal, byggeår, bustadtype, kvar bustaden ligg og opplysningar om omsette bustader i kommunen. Likningsverdien på ein bustad vert rekna ut på grunnlag av formuesgrunnlaget. Likningsverdien for ein primærbustad (bustad som ein eig og bur i sjølv) er 25 prosent av formuesgrunnlaget. Likningsverdi for ein sekundærbustad (bustad som ein eig, men ikkje bur i sjølv) er 50 prosent av formuesgrunnlaget.

Styresmaktene har bestemt at ved utskriving av eigedomsskatt, skal bustadverdien reduserast ved å multiplisera formuesgrunnlaget med 0,7. I tillegg har Luster kommunestyre vedteke at det skal vera eit botn frådrag på 200.000 kroner for bustaddelen av eigedomen. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådraget gjeld og fritidseigedom.

Luster kommunestyre har vedteke at skattesatsen for bustader og fritidseigedomar frå 2020 skal vera 2,25 promille.

Eksempel på utrekning av eigedomsskatt:

Formuesgrunnlag frå Skatteetaten                                             2.500.000

Eigedomsskattetakst (formuesgrunnlag x 0,7)                           1 750 000

Botn frådrag fastsett av kommunestyret                                     - 200.000

Skattegrunnlag                                                                           1 550 000

Eigedomsskatt ( 2,25 promille av skattegrunnlaget)                         3 485

 

 

EIGEDOMAR MED FLEIRE EIGARAR

Skjemaet med utrekning av eigedomsskatten (skattesetel) og faktura vert sendt til ein eigarrepresentant. På eigedomar med fleire eigarar, er det viktig at eigarrepresentanten orienterer dei andre eigarane om eigedomsskatten.

Meld frå til kommunen dersom de ynskjer ein annan eigarrepresentant og fakturamottakar.

FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har utarbeida liste over eigedomar som kan få fritak for eigedomsskatt. Lista må vedtakast i kommunestyret:

    Stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagne kommunen, eit fylke eller staten.

Fritaket er heimla i lov om eigedomsskatt § 7a. Fritaket gjeld ikkje kommersielle stiftingar/institusjonar. Fritaket vil gjelda for forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Lista er lagt ut på kommunen si heimeside. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

    Bygningar som har historisk verdi

Fritaket er heimla i lov om eigedomsskatt  7b. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavelege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

 

FAKTURA FOR EIGEDOMSSKATT

Eigedomsskatt vert fakturert halvårleg. Første faktura vert sendt ut medio mars og gjeld for 1. halvår. Frist for betaling er 12. april. 

Sjølv om du klagar på formuesgrunnlaget eller andre forhold knytt til eigedomsskatten, så skal fakturaen betalast. Dette går mellom anna fram av lov om eigedomsskatt § 25. Dersom du får medhald i klagen, vil tilgodehavande verta tilbakebetalt, medan eventuelt tilleggsbeløp vil verta innkrevd på ein seinare faktura.