Frå 1. januar 2018 skriv Luster kommune ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Tidlegare har Luster kommune berre hatt eigedomsskatt på Verk og bruk. For bustader har kommunestyret vedteke å bruka Skatteetaten sine bustadverdiar (formuesgrunnlag )som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten. Denne brosjyren gjeld for for eigarar av bustader som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Bustader som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten , vert takserte av kommunen i medhald av reglar i eigedomsskattelova.

Kommunen sender ut Skattesetel  med informasjon som syner korleis eigedomsskatten for eigedomen din er rekna ut.  Faktura for eigedomsskatt for 1.halvår  vert sendt ut medio mars.

OFFENTLEG ETTERSYN

Liste med oversikt over takst og eigedomsskatt (eigedomsskatteliste)  på eigedomar i kommunen er lagt ut til offentleg ettersyn i fire veker. Eigedomsskattelista er tilgjengeleg for alle, på kommunen sitt Servicetorg på Rådhuset i Gaupne.

KLAGEFRIST

Klagefrist er 6 veker frå det tidspunktet skattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn. Klagefristen er 12. april. Informasjon om reglane for klage finn du lenger bak.

TAKST

Taksten på eigedomen gjeld til neste alminnelege taksering. Vanlegvis skjer dette etter 10 år. Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som fastset takstane. Klager på takstane vert først handsama i sakkunnig nemnd. Dersom klagaren ikkje får medhald i sakkunnig nemnd, går klagen vidare til klagenemda for eigedomsskatt.

SKATT

Fastsetjing av eigedomsskatten skjer på grunnlag av eigedomsskattetaksten. Taksten står som nemt ovanfor normalt i 10 år, medan kommunestyret årleg gjer vedtak om skattepromille, fritak og eventuelt botnfrådrag.

Den alminnelege skattesatsen i kommunen er 7 promille. For bustader og fritidseigedomar er skattesatsen 2 promille. Kommunestyret har og vedteke at det på bustaddelen  av eigedomen  (gjeld og fritidseigedom) skal vera eit botn frådrag på 200.000 kroner på  takstverdien  pr sjølvstendig bustaddel.

GRUNNLAG FOR EIGEDOMSSKATTETAKSTEN

Lov om eigedomsskatt § 8 A-2 lyder som følgjer:

       Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.   

Taksten er i hovudsak basert på fakta om eigedomen din. Kommunen har fastsett reglar der ulike bygningstypar og etasje-/arealtypar,alder, lokalisering etc. er gitt ulike verdiar(faktorar). I tillegg har kommunen synfart eigedomen. Det er er gjort ei skjønsmessig vurdering av tilstandenpå bygning/bygningar på eigedomen; standard og kvalitet.

Luster kommune si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt har utarbeidd: «Rammer og retningslinjer for verdsetjing/taksering av eigedomar i Luster kommune»  datert 1.3.2018.                                                                                                                                                                                  

EIGEDOMAR MED FLEIRE EIGARAR

Skjemaet med utrekning av eigedomsskatten (skattesetel) og faktura vert sendt til ein eigarrepresentant. På eigedomar med fleire eigarar, er det viktig at eigarrepresentanten orienterer dei andre eigarane om eigedomsskatten.

Meld frå til kommunen dersom de ynskjer ein annan eigarrepresentant og fakturamottakar.

FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har utarbeida liste over eigedomar som dei tilrår kan få fritak for eigedomsskatt. Lista må vedtakast i kommunestyret:

    Stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagne kommunen, eit fylke eller staten.

Fritaket er heimla i lov om eigedomsskatt § 7a. Fritaket gjeld ikkje kommersielle stiftingar/institusjonar. Fritaket vil gjelda for forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Lista er lagt ut på kommunen si heimeside. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

Andre eigarar av bygningar som har  dei meiner bør fritakast må søka enkeltvis om fritak. Desse vert vurdert etter § 5 og 7 i lov om eigedomsskatt.

FAKTURA FOR EIGEDOMSSKATT

Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 15. april og 15. september.

Sjølv om du klagar på taksten eller andre forhold knytt til eigedomsskatten, så skal fakturaen betalast. Dette går mellom anna fram av lov om eigedomsskatt § 25. Dersom du får medhald i klagen, vil tilgodehavande verta tilbakebetalt, medan eventuelt tilleggsbeløp vil verta innkrevd på ein seinare faktura.