Leiar i demensforeininga i Sogndal, Luster og Leikanger, Hilde Kristoffersen, delte ut prisen. Ruth Karin Kvam tok imot på vegner av Hafslo omsorgssenter.

Utdelinga fann stad på temakveld for demens på Kaupanger.

Demensprisen er ein honnør til ein innsats utanom det vanlege. Demensprisen skal gå til ein «kvardagshelt» som kan vera ein einkeltperson, ei gruppe menneske, ein institusjon eller eit dagsenter.

Det kan vera eit enkeltindivid som gjer eit stort og uformelt arbeid i det stille, eller ei offentleg verksemd som gjennom sitt virke syner nytenkjing og engasjement på ein respektfull og inkluderande måte som kjem den demenssjuke og pårørande til gode.

 

Utdrag frå leiaren i demensforeininga sin tale:

I år er eg så heldig å få dela ut demensprisen til Hafslo omsorgssenter .

Gjennom mange år har demensforeininga jamnleg samarbeida med dikka tilsette og bebuarar på omsorgsenteret.

Hovedsamarbeidet har vore kring vekentlege trim og sangøkter.

Du og dine medarbeidarar har alltid vore positiv på vegne av bebuarane de har ansvar for. Ved høve, og i seinare tid alltid, har tilsette teke del og tydeleg synt  positiv interesse og engasjement.

De prøver på best mogeleg måte å leggja til rette for gode samværsøkter og gler dykk over gleda og iveren bebuarane ofte syner i desse stundene.

Kvar gong me spør om det er interesse for eit arr. svarar de eit uforbeholdent ja.

  • Me har hatt trim i samarbeid med vidaregåande elevar
  • Dei siste åra har me samarbeida kring hjartemarsj for bebuarane
  • Teaterframsyning var de positive til
  • Ja til og med filminnspeling har dei heldige bebuarane dykkar teke del i. Då Jostedal helselag arrangerte ein særs vellukka stølsdag saman med bebuarar og tilsette utanfor omsorgsenteret ein flott sommardag.
  • I samband med både filmpremieren og teaterframsyninga slo de på stortromma, de dekka opp flotte langbord, serverte festmat – rømmegraut med tilbehør og inviterte både bebuarar og pårørande.
  • Som tilsette i barnehage i same bygda erfarar eg også den same positive innstillinga til besøk av borna.
  • Ved å seia eit uforbeholdent ja til ulike arrangement og prøve å leggja til rette for ei god og positiv gjennomføring for bebuarane dykkar syner de forståelse for at me alle har behov for eit variert innhald i kvardagen vår.
  • Me opplever møter med ein  instituasjon som ser mogelegheiter framfor begrensningar, som er open, imøtekommande og positiv.
  • Slik me ser det gjev de bebuarane lov til å fortsetja å leva liva sine, livet ut l

Nasjonalforeningen for folkehelsa både på fylkes og lokalnivå tykkjer de er ein verdig vinnar av demensprisen 2019.

Me takkar for den gode jobben de gjer, og håpar prisen skal inspirera til å halda fram det gode arbeidet med å utvikla omsorgesenteret, demensavdelinga og dagsenteret til beste for den einkelte bebuar og i samarbeid med deira pårørande.