Veke 10 og 11 er det levering av restavfall, så plastsekkene blir lagt på restavfallsdunkane. Det er ikkje nødvendig å sette ut papirdunken for å få utlevert plastsekker.

Veke 12 og 13 må du setje ut matavfallsdunken for å få bioposar. Bioposar er forseinka frå leverandør, utleveringane måtte difor bytast om.

Dersom du har fått utlevert for få rullar, kan du hente dei resterande rullane gratis på miljøstasjonen eller på rådhuset innan ein månad etter utlevering. Etter denne tida må ein betale for rullane ein hentar.