For utleigebustader er det krav om radonmåling.

Radonmåling kan ein enkelt utføra sjølv ved å bestilla sporfilmboksar som ein set ut i bustaden. Ein kan også kjøpa elektronisk måleapparat. Det skal målast i minst to opphaldsrom. Her er ei liste, hjå Statens Strålevern, over firma som sel måleutstyr. Firma som driv oppsøkande sal, ringer ikkje på oppdrag frå kommunen eller strålevernet. Det er viktig å undersøka pris før ein gjer avtale om å kjøpa. Strålevernet antydar normal pris 400-600 kr for to sporfilmar.

Sjå Statens Strålevern si side om radonmåling i bustader.