Rådmannen er øvste administrative leiar for heile den kommunale organisasjonen. Han har det løpande personalansvaret for dei tilsette i kommunen. Rådmannen har ein overordna oppfølgings- og støttefunksjon for alle brukarretta tenester og avgjer sjølv, og via sine medarbeidarar, ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret.
Rådmannen står ansvarleg for administrasjonen i høve kommunestyret som overordna i kommunen. Rådmannen har tilrådingsrett i saker til politiske organ. Han skal syta for at sakene i kommunen vert forsvarleg utgreidde og sjå til at vedtak, blir gjennomførde utan ugrunna opphald.
Hos rådmannen er det 2 stabseiningar; Service/driftsstøtte og Forvaltning/utvikling som har sentrale arbeidsoppgåver innan fellestenester samt kommunen sitt forvaltnings- og nærings/utviklingsarbeid. Hos rådmannen er det og to tenesteeiningar; oppvekst og helse/omsorg med kommunalsjefar som leiar og samordnar tenestene innan desse områda.
Rådmannsfunksjonen skal stø opp under tenesteeiningane, medan desse - innafor eigne budsjett og fullmakter – skal yte best mogleg tenester til innbyggjarane. I Luster har vi for tida 19 tenesteeiningar. I tillegg yter vi tenester gjennom samarbeidstiltak som Sogn kulturskule, Sogn barnevern, NAV Luster, Simas og Sogn Brann og Redning.
Rådmannen skal sjå til at me har gode planar for arbeidet, at drifta er innan dei fastsette økonomiske rammene og at rutinar, dokumentasjon og rapportering er på plass.
I den kommunale organisasjonen skal me arbeide kontinuerleg for å få til god effektiv drift, god informasjonsflyt, god koordinering av tenester, meir tverrgåande samarbeid, heilskapleg leiarskap og myndiggjorde og tilfredse medarbeidarar og - ikkje minst - nøgde brukarar.
Administrativt organisasjonskart