Lokal forskrift om gebyr etter Lov-2008-06-27-71 omplanlegging og byggesaksbehandling – Luster – 2015

Luster kommunestyre har i møte den 17.06.2010 i ksak 41/10, og i medhald av Lov om
planlegging og byggesaksbehandling §33-1 , fastsett følgjande forskrift om gebyr for
kommunale pliktoppgåver og tenester etter lova:
 
I samband med fastsetjing av betalingssatsane i kap.2 til forskrifta har kommunestyret den 16.12.2010 i ksak 80/10 gjort mindre, redaksjonelle endringar i §§ 2, 9 og 10.
 
Kap. 1: Betalingsreglar.

§ 1. Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar. Plassering av tiltak i marka og innmåling i samband med ferdigmelding av byggetiltak er ikkje inkludert i gebyrsatsane.
 
§ 2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr. Manglande betaling ved forfallsdato medfører vanleg purregebyr samt rente på for sein betaling.
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld på mottaksdato for komplett søknad i samsvar med dokumentasjonskrava i sakshandsamingsforskrifta til lova.
 
§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Fakturering skjer når det er fatta vedtak i saka. Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato.
 
§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
For tiltak med fleire tiltaksklassar blir gebyret fastsett med grunnlag i tiltaksklasse for ansvarleg søkar.
 
§ 6 Avslag
Når vedtak på søknad medfører avslag skal det betalast 50 % av fullt gebyr. Ved avslag på søknad om ansvarsrett og søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr.
 
§ 7 Tiltak som ikkje kjem til utføring
Når det er gitt ramme- eller igongsettingsløyve, men tiltaket ikkje kjem til utføring, kan det etter søknad tilbakebetalast inntil 50% av det innbetalte gebyret.
 
§ 8 Ulovleg tiltak
Søknad om godkjenning av ulovleg utført byggearbeid blir belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak. Ved avslag på slike søknader skal det betalast fullt gebyr.
 
§ 9 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den einskilde saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.
 
§ 10 Tilsyn
Gebyr for tilsyn i medhald av lova er innrekna i betalingssatsane.
 
§ 11 Rabatt ved komplett, elektronisk søknad
Ved levering av komplett byggesøknad via e-ByggSøk blir det gitt 10% rabatt i høve til basisgebyret.
 
§ 12 Krav til private planforslag og forslag om reguleringsendringar
Private planforslag, herunder endringsforslag, skal leverast i digital form i samsvar med
kommunen sine kravspesifikasjonar.
 
§ 13 Endring av prisar.
Kommunestyret fastset endringar i betalingsreglane og av betalingssatsane. Ved prisendringar skal beløp avrundast oppover til næraste heile 10 – ti – kroner.
 
 
Kap. 2: Betalingssatsar for byggesaker i Luster kommune
1. Basisigebyr:
Det skal betalast eit basisgebyr for alle søknadspliktige tiltak i medhald av lova.
 
Basisgebyr 2017
Type handsaming Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3
 Eitt-trinns handsaming  7 245,- 11 990,- 18 000,- 
 Fleir-trinns handsaming:      
      Rammeløyve 7 245,- 11 990,- 18 010,- 
      Igongsetjingsløyve  4 840,-  7 245,- 9 597,-
For kvart trinn meir enn to: kr. 3 500,- pr. trinn/søknad
 
2. Mangelfull dokumentasjon:
For ufullstendige søknader som gjev kommunen ekstra arbeid med innhenting av dokumentasjon og/eller synfaring skal det betalast eit tillegg på 25%.
 
3. For separate søknader som krev godkjenning i medhald av lova:
For separate søknader som krev godkjenning i medhald av lova og som ikkje gjev BRA, herunder riving/fjerning av tiltak, er gebyret kr. 2 400,- .
 
4. Tilbygg/påbygg betalast etter storleik:
 
Gebyr tilbygg/påbygg
Areal Pris:
Nytt areal < 30 m2 25 % av basisgebyr
Nytt areal > 30 m2 < 100 m2 50 % av basisgebyr
Nytt areal > 100 m2 100 % av basisgebyr
 
5. Fritidsbygg
Fritidsbygg betalast med 100 % av basisgebyr.
 
6. Garasjar/naust/basseng
Garasjar/naust/basseng etc. i tiltaksklasse 1 betalast med 50 % av basisgebyret.
 
7. Søknadspliktige mellombelse bygningar
Søknadspliktige mellombelse bygningar betalast med 100 % av basisgebyr for vedkomande bygningskategori.
 
8. Endring, reparasjon eller bruksendring av beståande bygg:
8.1. For søknad om bruksendring, vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift, men som ikkje medfører ombygging, er gebyret 25% av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til.
 
8.2. Ved bruksendring som medfører ombygging betalast 100 % av basisgebyr for vedkomande bygningskategori.
 
8.3. For arbeid som medfører hovudombygging skal det betalast 100 % av basisgebyr.
 
9. Andre søknadspliktige tiltak i tiltaksklasse 1
Andre søknadspliktige tiltak i tiltaksklasse 1 som:
  • t.d fasadeendring, støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt, balkongar etc. betalast med kr 1 230,-.
  • Søknad om avvik frå lova sine krav til høgde/avstand betalast med kr 1 230,-
 
10. Dispensasjonsvedtak med heimel i pbl. Kap. 19 :
 
Gebyr dispensasjon 2017
Type dispensasjon Pris:
Dispensasjon frå føremål i godkjent plan og frå pbl § 1- 8 3 860,-
Andre dispensasjonar 2 865,-
Fleire dispensasjonar omfatta av same søknad 3 860,-
 
11. Godkjenning av føretak for ansvarsrett:
 
Gebyr - godkjenning av føretak for ansvarsrett 2017
Type godkjenning Pris:
Førstegongs handsaming for lokal føretaksgodkjenning 1 930,-
Seinare handsaming med same funksjonar og tiltaksklasse 965,-
Seinare handsaming med søknad om nye funksjonar/tiltaksklassar 1 330,-
Føretak med sentral godkjenning 525,-
Godkjenning av personleg ansvarsrett som sjølvbyggjar 1 260,-
 
12. Ved fornying av byggeløyve eller samtykke
Ved fornying av byggeløyve eller samtykke med ingen eller lite vesentlege endringar betalast med 25% av opphavleg gebyr. Viss fornyinga inneber vesentlege endringar i teikningar og/eller ansvarsrollar skal saka handsamast som ny søknad eller melding med gebyr etter gjeldande satsar.
 
13. Førehandskonferanse
Førehandskonferanse utover 1 betalast med kr 1 940,- pr gong.
 
14. Utferding av attestar
Utferding av attestar (ferdigattestar og mellombels bruksløyve unnatekne) skal betalast etter medgått tid med timepris på kr 1 260,-.
 
15. Synfaring
Synfaring som blir rekvirert av tiltakshavar eller føretak med ansvarsrett skal betalast med kr. 735 pr. time og ein minstesats på kr 2 350,-
 
16. Utgifter til nødvendig sakkunnig hjelp eller undersøkingar i bygge- eller delingssak.
Utgifter til nødvendig sakkunnig hjelp eller undersøkingar i bygge- eller delingssak, herunder kulturminnegranskingar og geologiske vurderingar etc., skal belastast tiltakshavar.
 
17. Søknad om små endringar av reguleringsplan og/eller tilhøyrande planbestemmelsar
Søknad om små endringar av reguleringsplan og/eller tilhøyrande planbestemmelsbetalast med kr. 2 505,-. Små endringar er i denne samanheng saker som blir avgjort med administrativt vedtak i medhald av § 12-14 2.avsnitt siste ledd.
 
18. Privat forslag til regulerinsplan – pbl §12-11:
For forslag som kjem til realitetshandsaming skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr. 6 090,-. Søknad om endring som medfører endra reguleringsføremål blir rekna som privat reguleringsframlegg.
For reguleringsframlegg som blir vedteke fremja skal det i tillegg betalast kr. 3 045,- pr. påbyrja 1000 m2 (max 30 450,-).
Areal som blir regulert til offentlege føremål skal det ikkje betalast arealgebyr for.
 
 
19. Forslag /søknad om reguleringsendring – pbl §12-14:
Handsaming av søknader om endring av reguleringsplan betalast med kr. 4 590,-. Avslag på søknad blir fakturert etter reglane i kap.1 § 6
 
 
20. Overtredelsegebyr, dagmulkt:
Vurdering basert på veiledande satsar