Luster kommunestyre har fastsett følgjande forskrift om gebyr for kommunale pliktoppgåver og tenester etter lova:


Kap. 1: BETALINGSREGLAR

§ 1. Gebyr omfattar

Totalt gebyr omfattar sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar. Plassering av tiltak i marka og innmåling i samband med ferdigmelding av byggetiltak er ikkje inkludert i gebyrsatsane.


§ 2 Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr. Gebyret forfell til betaling 15 dagar etter fakturadato. Manglande betaling ved forfallsdato medfører vanleg purregebyr samt rente på for sein betaling.
 

§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning

Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld på mottaksdato for komplett søknad i samsvar med dokumentasjonskrava i sakshandsamingsforskrifta til lova.
 

§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt

Fakturering skjer når det er fatta vedtak i saka. Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato.
 

§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar

For tiltak med fleire tiltaksklassar blir gebyret fastsett med grunnlag i tiltaksklasse for ansvarleg søkar.


§ 6 Avslag

Når vedtak på søknad medfører avslag skal det betalast 50 % av fullt gebyr. Ved avslag på søknad om ansvarsrett og søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr.


§ 7 Tiltak som ikkje kjem til utføring

Når det er gitt ramme- eller igongsettingsløyve, men tiltaket ikkje kjem til utføring, kan det etter søknad tilbakebetalast inntil 50% av det innbetalte gebyret.


§ 8 Ulovleg tiltak

Søknad om godkjenning av ulovleg utført byggearbeid blir belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak. Ved avslag på slike søknader skal det betalast fullt gebyr.
 

§ 9 Høve til å klage

Fastsetjing av gebyr i den einskilde saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Kommunestyret fastset endringar av betalingssatsane.


§ 10 Tilsyn

Gebyr for tilsyn i medhald av lova er innrekna med 10% i betalingssatsane.
 

§ 11 Rabatt ved komplett, elektronisk søknad

Ved levering av komplett byggesøknad via e-ByggSøk blir det gitt 10% rabatt i høve til basisgebyret.


§ 12 Krav til private planforslag og forslag om reguleringsendringar

Private planforslag, herunder endringsforslag, skal leverast i digital form i samsvar med kommunen sine kravspesifikasjonar.


§ 13 Endring av prisar.

Kommunestyret fastset endringar i betalingsreglane og av betalingssatsane. Ved prisendringar skal beløp avrundast oppover til næraste heile 10 – ti – kroner