I prosjektet sin kartleggingsfase kom det tydeleg fram at tilsette og føresette ønska og etterlyste verktøy for å styrke barn og unge si psykiske helse. 23 tilsette og føresette deltok på helgekurs og 35 vaksne og barn deltok på ein times familieyoga.
Barneyoga introduserast som eit tiltak for å styrke folkehelse og livsmeistring. Med ei livssynsnøytral tilnærming har barneyoga verktøy som kan styrke barn og unge si evne til å handtere tankar og kjensler, bli kjent med eigen kropp og finne sin indre ro i kvardagen – både i barnehage, skule og heim.
«Er så glad eg meldte meg på og valte å reise. Visste ikkje kva eg gjekk til, men det var heilt fantastisk. Tusen takk.» (deltakar)
På kurset lærte deltakarane om leik, song og eventyr som praktiske verktøy for å lede barn til å bli kjend med seg sjølv, pusten sin, tankar, følelsar,

bevegelse og avspenning. Dette er verktøy som kan hjelpe både barn og vaksne til å finne ro, bli meir robust, redusere stress og oppleve ei kjensle av meistring i møte med kvardagen.
Vi spurde deltakarane om kva dei vil ta med seg til kvardagen sin?
- Pusten som ein pause og verktøy for å roe ned og få kontakt med det indre.
- Inspirasjon til korte drypp med elevane for å lande på same sted før ein går i gong med fellesaktivitetar.
- Stå i følelsane til ungane utan å føle behov for å fikse dei.
- Meditasjon, samarbeidsøvingar, pusteteknikk - det kan eg få til i skulen.
- Historieforteljinga og meditasjon med barn.
- Spagettiavslapping for å kjenne når kroppen har slappa av.
Vi er takknemleg for at lærar og forfattar Tove-Iren Kvanmo frå Nordstjerna barneyoga guida oss gjennom helga. Tove har skrevet to bøker om barneyoga; Eventyrreisen: Yoga for barn og Eventyrreisen: Yoga i skolen. Sistnemnte forankra i kompetansemål knytt til 1.-4. trinn. Alle skular og barnehagar som har vore med på kurs får gratis bøker og kreative yogakort med samarbeidsøvingar og praktisk bokstav-yoga.
Det vert nytt kurs helga 28. februar – 2. mars!
Er du interessert i å vite meir eller har spørsmål om tilbodet vårt? Sjekk ut www.meistrelivet.no eller ta kontakt på e-post benedikte.nergaard@luster.kommune.no