Me ber difor om at private vegar blir brøytte og strødde, og at det blir måka fram til husa. Dette er ikkje ei oppgåve heimetenesta verken skal eller kan gjera, og me er difor avhengige av at det vert ordna av brukaren sjølv eller andre. Dersom brukaren ikkje maktar dette sjølv, er det fint om de som pårørande, naboar og vener har moglegheit til å bidra med å sikre tilkomsten til brukarane.
Ved å sørgje for at vegane er farbare og inngangspartia er fri for snø og is, bidreg de til at heimetenesta kan kome fram til brukarane på ein trygg måte. Dette er spesielt viktig i akutte situasjonar.
Vi takkar for samarbeidet og håpar på at me saman kan gjere vinteren tryggare for alle som er avhengige av heimetenester i Luster kommune.