Føremålet med eit slikt forum skal vere: 

  • Skaffa fram eit best mogleg avgjerds- og kunnskapsgrunnlag for forvaltninga
  • Utvikla og legge til rette for samarbeid mellom aktørane og gje anbefalingar innan fylgjande område: 
  • Vera eit forum for informasjon, diskusjon og kompetansebygging
  • Ta opp sake som valda eller kommunen legg fram

Døme på oppgåver:
Utvalet har ikkje mynde, men skal arbeide for å samordne viltforvaltninga i kommunen. Tema for diskusjon kan vera:

  • Plan for viltforvaltning i Luster
  • Fri kalv
  • Endring minsteareal
  • Tildeling av løyver og fordeling av løyver
  • Oppsummering fellingstal
  • Ulike høyringar

Det er viktig å poengtere at det er kommunen som framleis fattar dei delegerte sakene, og  plan og forvaltningsutvalet dei politiske sakene.

Møteverksemd:
Truleg 2-3 møter i året på ettermiddag:

  • Møte februar: Oppsummering jakta
  • Møte april/mai: Planar og tildeling av løyver
  • Eventuelt eit tredje møte ved behov på andre tidspunkt

Organisering: 
Forslaget er at me lagar eit viltutval på 7-10 medlemmar får dei ulike sonene i Luster kommune.  Medlemmar må vera grunneigar og kan gjerne vera valdleiar eller bestandsplanrepresentant. Kvar sone bør vera representert og det skal også veljast ein vara. Eit utkast kan vera at medlemmane bør komme frå fylgjande soner: 

Sone 1:  To medlemmar

Sone 2:  Eit medlem

Sone 3:  Eit medlem

Sone 4:  Eit medlem

Sone 5:  To medlemmar

Val av medlemmar: 
Det vert arrangert møte på Luster kommune i februar månad. Det vert eit møte for alle vald og grunneigarar som er interesserte. Dersom du er interessert må underteikna ta kontakt med valdleiar. Valdleiar tek kontakt med kommunen om aktuelle kandidatar. Dersom det er fleire frå sonene blir det trekking, eller at ein eventuelt at ein blir einige på møte over kven som skal representere sona. 

Frist for å melde interesse: 
17. januar 2025