El-sykkel er eit godt alternativ til vanleg trøsykkel. Med el-sykkelen kjem du deg lettare opp bakkane og lengre av stad. 

Til saman har dei 12 syklar til utleige, og prisen er rimeleg: Første veka betalar du kr 200. Ønskjer du å utvida leigetida kostar det deg kr 100 pr veke.

I dei periodane det er stor etterspørsel etter syklane må leigetida avgrensast - kanskje kan du då leiga ein av dei andre syklane for å få eit breiare inntrykk. Formålet med dette elsykkel-prosjektet er at leigetakarane skal få danna seg eit inntrykk av kva ein el-sykkel er for noko, for seinare å kunna gå til innkjøp av eigen el-sykkel.

Ta kontakt med Tommy, Odd Atle eller nokon av dei andre på ATS på telefon 57685735.