Føremål og kriterium for å få stipend:
• Ungdommen sitt kommunestyre si stipendordning ynskjer å oppmode ungdom i alderen 13-19 år til yrkesretta kompetanseutvikling.
• Søknadsfrist: 1. mars kvart år (du må vere i alderen 13-19 år når kurset blir gjennomført)
• Du kan søke støtte til yrkesfaglege kurs, døme: motorsagkurs, avløysarkurs, saueklippingskurs, maskinførarkurs, matkurs, førstehjelpskurs…….
• Uk har mynde til å vurdere om kurs som ikkje har vore søkt om før skal få stipend.
• Du kan få støtte til kursavgift.
• Stipendbeløp er inntil 1/3 av dokumenterte kursavgift, maks. kr. 2500 avhengig av total budsjettsum aktuelt år.
Det vert ikkje gjeve støtte til utgifter som vert dekka av skule eller andre stipendordningar. Du må dokumentere utgifter med kvitteringar.
Krav til søknaden:
- Stadfesting frå skule/opplæringsinstitusjon.
Kursavgift må dokumenterast med attesterte kopiar og orginalkvitteringar (kvittering frå nettbank o.a.) Forventa utgifter kan dokumenterast med stadfesting frå utdanningsstad der det kjem fram kva for utgifter søkar har forplikta seg til. - Dersom utdanningsstaden ikkje dekker noko, skal også dette dokumenterast.
Søknadsfrist: 1. mars
Send gjerne inn søknaden i god tid før fristen.
Link til søknadsskjema finn her.