John og tankane til Wittgenstein
John studerer ei skjematisk framstilling av tankane til Ludwig Wittgenstein. Ikkje lett å bli klok på dette.

I 2011 var det 20 år sidan HVPU-refoma vart gjennomført, - ei reform som førte til at utviklingshemma fekk flytta bort frå institusjonane. Utstillinga ”Uhørte stemmer og glemte steder – fortellinger fra utviklingshemmedes historie” viser utviklingshemma sine levekår i Noreg gjennom tidene. Den vart første gong stilt ut på Lepramusèet i Bergen våren 2011. Også den gongen vart ”Wittgenstein og eg” synt fram i samband med opninga av utstillinga.
 
 
Utstillinga
Utstillinga syner mange sider ved den tidlegare omsorga for psykisk utviklingshemma.
Utstillinga er komen i stand ved ei omfattande innsamling av materiale frå heile landet.

Florø hadde sin eigen distriktsheim for psykisk utviklingshemma, Solbakken, som var i drift frå
1961 og fram til reforma vart sett i verk. Tidlegare leiar ved Solbakken, Lasse Seim, tok forsamlinga
med gjennom innføringa av reforma i Florø, og reflekterte litt rundt at utviklinga av tilbodet til
utviklingshemma på mange måtar ser ut til å gå ”i sirkel”: Metodar som vert føretrekte i ein tidsperiode
vert forkasta i neste, for så å verta lansert att som nyvinningar på eit seinare tidspunkt.
 Lasse Seim
 Lasse Seim, tidlegare leiar av Solbakken distriktsheim i Florø, no leiar av Miljøhuset i Florø.
 
Leiar ved Kystmusèet Berit Høyvik leia arrangementet, og utstillinga vart offisielt opna ved
representant for fylkeskulturkontoret.
 
Berit Høyvik
 Berit Høyvik, leiar ved Kystmusèet.
 
Link til omtale av utstillinga og opninga av den på musèet sine eigne sider:
 

Alle bilete: Bjørn Fjellheim - førstekonservator NMF