14.2 kl 19 på Gaupnetunet er temaet:
Kunstig intelligens – korleis påverkar det næringslivet?
Malin Waage frå Vestlandsforsking:
Kunstig intelligens, kva er det, korleis fungerer det, og kvifor bør du bry deg?
Dagleg leiar Frank Øvstetun frå Sitep i Årdal snakkar om:
KI for å redusere kostnadane i industrien. Sitep har over 10 års erfaring med bruk av KI i industrien og vil vise nokre eksempel på praktisk bruk av kunstig itelligens.
14.3 kl 19 på Eikum hotell er tema for møtet:
Rekruttering av arbeidskraft og reiselivsutvikling
Commercial Manager ved Avery Dennison NTP, Mikkel Frodahl: Rekruttering av arbeidskraft – korleis arbeider NTP med det?
Reiselivsbedriftene under snakkar om korleis gjekk det for oss i 2023, kva er planane framover:
Villa Fjellheim – Ole Øyen
Walaker hotell – Ole Henrik Walaker
Eikum hotell – Ståle Kjos Wenjum
Raaum gard, heilt pao kanten – Synnøve Aasjord
Det er servering på møta. Påmelding til olav.grov@luster.kommune.no, seinast to dagar før møtet.