Me vil rette ei stor takk til Gjensidigestiftelsen/Sogn og Fjordane Røde Kors, Avery Dennison NTP, King Baudouin Foundation, Bygdafest Gaupne «Back to the 80s», Pyramiden senter, Luster Sparebank, Luster Energiverk, Pyramiden Frisør, Josvanger Elektro og Joker Luster som i år har bidrege økonomisk eller med gåver til Juleglede 2022!

Me vil også takke dei privatpersonane som har bidrege. I år ser me at mange fleire har bidrege – det set me i arbeidsgruppa svært stor pris på!

89 barn og seks familiar fekk gleda av å motta gåver.

Me samarbeider tett med einingar i kommunen som jobbar med barn, unge og familiar, så me vil rette ei stor takk til alle som har vore med oss i dette arbeidet. Kvart år har me laga eit gratis kulturarrangement som skal gi alle barn og unge like mogelegheiter til deltaking på eit kulturtilbod i kommunen. I år arrangerte me i samarbeid med Gaupnetunet, Gaupne bygdelag, Grandmo miljøteneste og «Gobiten» juleverkstad med stor suksess. I januar 2023 fekk med også besøk av tryllekunstnaren «Chriss Chrissell» - dette var eit kjekt arrangement og mange fekk det med seg.

De har alle vore med å gjere ein forskjell for nokon som synes det er vanskeleg å gå jula i møte – ei stor takk til dykk alle! Alle bidrag varmar!