Luster kommune er med i ei forsøksordning hjå Husbanken, der ein rettar seg mot dei som kjøper bustad for fyrste gong. Hensikta er at det skal bli enklare å få bustadlån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadmarknaden.

For å søke må du:
- Vere fyrstegongsetablerar.
- Ha ein eigenkapital på 5% av marknadsverdien på bustaden.
- Ikkje ha fått innvilga bustadlån i privat bank.

Nedbetalingstid er maks 30 år. Etter 10 år skal restlånet refinansierast i privat bank eller med ordinært startlån frå husbanken

For meir informasjon kontakt Gunnlaug Saur

Les meir om starlån for førstegangsetablerarar her:
https://www.husbanken.no/person/startlaan/soke-startlaan-og-tilskudd/