I skipingsmøtet blei det sett ned eit styre med representantar frå administrasjonane til deltakarkommunane. I styret sit Kristin Rundsveen Bøtun (Sogndal), Geir Svendsen (Vik), Linn Janette Underdal Skarsbø (Aurland), Camilla Grøttebø (Lærdal), Henrik Foss (Årdal) og John Olaf Røhme (Luster).

Kristin Rundsveen Bøtun, som er valt til styreleiar, seier følgjande om det nystifta friluftsrådet:

Friluftslivet kjenner ikkje kommunegrenser, og friluftsrådet vil sørge for at vi får tettare samarbeid og samanheng når vi sett friluftsliv på agendaen i Sognekommunane. Friluftsliv spelar ei avgjerande rolle for høg livskvalitet for innbyggjarane våre, og er ein nøkkelingrediens i å gjere regionen vår attraktiv for både innbyggjarar og tilreisande. Ikkje minst ynskjer friluftsråda å spele ei aktiv rolle i løysinga ovanfor natur- og klimakrisa. Ved å kunne byggje ansvarsfølelse og kompetanse hjå barn og unge bidreg vil til eit mangfald av positive effektar for samfunnet vårt som heilskap.

Den 8. mars var det første møtet i styret. I styremøtet blei det godkjent ein forenkla handlingsplan for 2024 som definerer kva Sogn Friluftsråd skal arbeide med det inneverande året. I denne ligg det at Sogn Friluftsråd skal gjennomføre friluftsskular i alle medlemskommunane til sommaren og starte opp prosjektet Ro- og padleruter på Sognefjorden til hausten. I tillegg skal Sogn Friluftsråd bidra til ryddeaksjonen Rein Sognefjord 2024 som vert arrangert i regi av Framtidshavet. Denne aksjonen vil finne stad 12. september. Meir informasjon om aksjonen finn du her: Rein Sognefjord — Framtidshavet.

Styret vil om kort tid lyse ut stillinga som dagleg dagleg leiar i friluftsrådet, der dei ser for seg å gjennomføre tilsetting i løpet av våren. I tillegg til å leie satsingane friluftsrådet har, skal denne rolla ha resultatansvar mot styret og det overordna administrative ansvaret for den daglege drifta av friluftsrådet. Det er vidare eit ynskje om å bemanne opp ytterlegare til hausten.