Sogn barnevern treng fleire besøksheimar og støttekontaktar. Alle barn er unike med ulike behov, og barnevernet ynskjer å ha eit godt utval av kandidatar for å finna den rette vaksne til det einskilde barnet.
Kva vil det seia å vera besøksheim?
Å vera besøksheim inneber at du tek imot barn eller ungdom éi eller fleire helgar per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Besøksheimen skal vera ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for heimen til barnet. Barna vil ha stor glede av både kvardagslege og kjekke aktivitetar.
Kva vil det seia å vera støttekontakt?
Som støttekontakt kan du bidra til at barn eller unge får ei meir aktiv fritid. Du skal bidra til at barnet får ei meiningsfull fritid og gode opplevingar.
Slik registrerer du deg
Vil du støtta familiar med særlege behov ved å vera besøksheim eller støttekontakt?
Fyll ut søknadsskjema, så vil registreringa di bli lagra i ein database. Ved behov for besøksheim eller støttekontakt vil me sjekka databasen for nokon som kan passa det aktuelle barnet. Om det er deg, vil du bli kontakta.
Som besøksheim eller støttekontakt får du godtgjering frå kommunen.
Søknadsskjema finn du her:
Har du spørsmål, ta kontakt med Sogn barnevern (vakttelefon dagtid): 97 50 60 95
Du kan lesa meir om Sogn barnevern på nettsidene til Sogndal kommune