Eksempel på nummerskilt med 2 siffer. Figur henta frå Kartverket sin adresseveiledar.

Skilt eksempel - Klikk for stort bilete

Luster kommune har i Lokal forskrift gitt retningslinjer for material og utforming for skilt. Sjå lokal forskrift § 8. Plassering, materiale og utforming av skilta

Nummerskilta kan ein få kjøpt på nettet. Ved å bruke søkeordet ”reflekterande husnummerskilt”, vil det kome opp fleire forhandlarar.

Adressenummerskilta er siste ledd i vegvisningskjeda. Det er viktig at alle hus er nummerert og husnummerskilet er plassert slik at det er godt synleg for dei som skal finne fram.

Husnummer kan tingast hjå kommunen i ein periode, anten på epost postmottak@luster.kommune.no eller pr. tlf: 57 68 55 00