Sommarles har vore ein nasjonal lesekampanje sidan 2018. I år deltok heile 327 elevar på 1.-7. trinn i Lustraskulen, noko som er litt fleire elevar enn i fjor.
Det blei lese – eller høyrt som lydbok – totalt 5772 bøker i perioden 1. juni – 31. august. Dette utgjer over ein halv million boksider. Ganske imponerande!
Luster ligg saman med Vik heilt i lesetoppen i Sogn når det gjeld deltaking på Sommarles.
Den store leseinnsatsen blei feira med morosam teaterframsyning med Askeladden Friteater. Det var stor stemning og mykje latter undervegs når sjørøvaren og kongen var på skattejakt.
Etter framsyninga var det tid for premietrekking:
- Gåvekort Pyramiden: kr 1 000 til Josef Brennsæter, kr 500 til Mona Karin Hilleren, kr 300 til Theo Elias Listou
- Bokpremie: Håkon Ohrvik Jønsson, Magnus Nyhus Eikelund, Amalie Larsen Stuppelshaug, Aron Kringstad Sjøthun, Mariia Sereda, Olina Stegegjerde Norberg, Maria Skildheim Nes
- Ekstrapremie inkl. ekte bladgull: Tomas Hatlevoll Leirdal, Arianne Åsebø, Magnus Fossøy, Live Brynjulfsen, Amanda Heløy Snøtun, Tor Mjelstad Fraas, Aksel Buskaker-Engebø, Ciljan Ullebø Frichsen, Håkon Yndestad, Kari Jakoba Rygg Haugland
Gratulerer alle saman!