Kunnskapsdepartementet fastsette gjennom forskrift 13. juni i år at kommunane skal gje fritak i foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar i 1. klasse med SFO-plass. Det er kommunen som avgjer kva dagar og når på dagen denne nye ordninga med 12 timar gratis SFO skal gjelda.
Her i Luster samsvarar 12 timar i stor grad med 50 %-plass i SFO. Alle førsteklassingar som har 50 %-plass vil difor ha gratis SFO komande skuleår. Dei som har 75 %- eller 100 %-plass i SFO vil få frådrag for 12 timar gratis kjernetid i foreldrebetalinga. Ny sats for 75 %-plass og 100 % -plass for førsteklassingar, vil variera noko avhengig av samla opningstid for SFO i den einskilde krins. Gratis kjernetid på 12 timar vil også gjelda i skuleferiane i skuleåret og i sommarferien. Matpengar vil koma i tillegg sjølv om ein har gratis kjernetid.
I praksis betyr dette at føresette med førsteklassingar i SFO vil spara minimum kr 14 500 i året gjennom denne nye ordninga. Kunnskapsminister Tonje Brenna uttalar i ei pressemelding i samband med denne ordninga: «SFO er viktig for å utjevne forskjeller, og for å sikre at alle kan delta i sosiale fellesskap med meningsfull lek og spennende fritidsaktiviteter. Derfor skal vi parallelt med at vi gjør SFO billigere, også styrke kvaliteten på innholdet.»