Intensjonsavtalen mellom kommunane og HVL vart signert måndag 9. desember. Avtalen er eit konkret og heilt nytt tiltak for å løyse utfordringane knytt til rekruttering av barnehagelærarar, noko som igjen er vesentleg for å sikre kvaliteten i barnehagesektoren. For å kunne gje barna eit godt barnehagetilbod, må yrket bli meir attraktivt. Samarbeid er nøkkelen når me skal møta utfordringane i lag.
«Dette er eit nytt og spennande initiativ,» seier kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen. «At HVL kan tilby fulltids barnehagelærarutdanning ved Campus Sogndal er særs viktig både for Luster kommune og dei andre nabokommunane våre. Inneverande år var det for få studentar til at første-års-studiet vart starta opp. Vonleg vil denne nye avtalen og ordninga vera eit konkret tiltak som bidreg til framtidig rekruttering. Ordninga viser også at kommunane er viljuge til å ta eit medansvar for å utdanna dei barnehagelærarane som skal gje barna våre ein god start på livet.»
Kva inneber avtalen?
- Felles innsats for rekruttering: Luster kommune, sognekommunane og HVL skal jobbe saman for å få fleire studentar til å starte på heiltids barnehagelærarutdanning i Sogndal. Dette kan innebere kampanjar, informasjonsmøte og andre tiltak som gjer utdanninga meir kjent og attraktiv.
- Kombinere studiar og arbeid: Studentar som tek heiltids barnehagelærar utdanning, får tilbod om å arbeide i ein 20% deltidsstilling i ein barnehage i Luster kommune. Slik kan dei få nyttig arbeidserfaring samtidig som dei studerer.
Satsinga skal sikre at barna i Luster har trygge og kompetente vaksne rundt seg. Samtidig ønskjer kommunen at studentar ser på Luster som ein attraktiv stad å arbeide etter fullført utdanning.
For meir informasjon, kontakt oppvekst i Luster kommune eller Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.