Elisabeth Alme er tilsett som rektor og styrar ved Veitastrond oppvekstsenter frå 1. august 2021. Alme kjem frå stilling som lærar ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Utdanningsbakgrunnen til Alme er grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn med faga norsk, kroppsøving, samfunnsfag og KRLE.  

I samband med tilsetjinga uttalar den nyutnemnde rektoren/styraren:

- Eg gledar meg til å jobbe på Veitastrond,  for det er ei fantastisk bygd. Eg gledar meg òg til moglegheitane ein får ved å jobba på eit lite oppvekstsenter.

- Det er særs gledeleg å kunna oppretta oppvekstsenter på Veitastrond med eigen rektor/styrar, seier kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen og legg til: Veitastrond oppvekstsenter får no ein rektor/styrar som er særs motivert og med stort pågangsmot. Å ha leiar på plass er eit viktig første steg i etableringa av nytt oppvekstsenter. No får Veitastrond same organisering av barnehage- og skule som i dei andre krinsane med oppvekstsenter.