Kontrollutvalet har møte den 2. mai på rådhuset. Dei handsamar årsmelding og rekneskap til Lustrabadet KF og til Luster kommune. Dei jobbar også med forvaltningsrevisjon og har gjennomgang av kommunestyrevedtak.
Saksdokumenta til møtet i kontrollutvalet.

Formannskapet har møte den 3. mai. Det er på dette møtet dei kjem med tilråding til kommunestyret den 11. mai i m.a desse sakene:

  • val til styret i Lustrabadet
  • Årsrapport 2022 Luster kommune
  • kvartalsrapport 1. kvartal
  • kommunedelplan for naturmangfald
  • tilstandsrapport for oppvekst Luster kommune
  • tilstandsrapport for Sogn barnevern
  • Hafslo barnehage, løysingsval
    Det blir tilrådd delvis riving av Husmorskulen og ombygging til barnehage, kostnadsramme 85 mill kr.
    Plassering av fleirbrukshall med trafikk og parkeringsløysingar vert innarbeida i planane.

Saksdokumenta til møtet i formannskapet.

 

Valstyret har også møte den 3. mai. Dei skal velje røystestyre som har ansvar for valgjennomføringa på vallokala på Skjolden, i Gaupne og på Hafslo på valdagen den 11. september.

Saksdokumenta til møtet i valstyret.