Du kan, utan søknad, tinga ein av leigekøyrarane til å utføra følgjande oppdrag:

  1. Transport mellom bilveg og hytte
  2. Tilsyn med hytte etter oppdrag frå hytteeigar
  3. Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  4. Transport av ved
  5. Transport av uføre

Du kan også tinge leigekøyrarar til andre oppdrag, men då må du fyrst få løyve etter søknad.


For perioden frå 1. desember 2023 og fram til 1. mai 2026 er tildelt følgjande leigekøyringsløyve for snøscooter i Luster kommune:
 
1. Ove Arild Melheim for området Indre Hafslo og Molden

2. Røde Kors Hafslo Hjelpekorps for området Hafslofjella

3. Johan Hilleren for Veitastrond

4. Hermund Prestegård for området Jostedalen, Gaupne og Røneid

5. Jan Øyvind Bolstad for området Nes, Luster og austover til Mørkridsdalen

6. Røde Kors Luster Hjelpekorps for området aust for Mørkridsdalen og Lustrafjorden

7. Magnar Kvam for sørsida av Lustrafjorden