I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 melder Luster kommune om oppstart av planarbeid for detaljregulering Hestnes, plan-ID 2024001. Frist for innspel til planarbeidet er onsdag 18. september 2024.
Formålet med planarbeidet er å revidere gjeldande planar, slik at dei samsvarer med gjeldande plan- og bygningslov, og for å sikre eit betre styringsverktøy i området. Planområdet består per dags dato av fleire planar med aukande avvik mellom kva som er regulert og kva som er etablert. I tillegg vil planprosessen fungere som eit ledd i oppfølginga av tilsynsrapportar etter byggetilsyn i 2023.
Som ein konsekvens av revidert reguleringsplan legg Luster kommune til grunn at gjeldande planar vert oppheva. Høyring av dette spørsmålet kjem saman med offentleg ettersyn av revidert reguleringsplan.
Eventuelle innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no innan 18.09.2024.
Merk innspelet med plan-ID.