Postlista er ei liste over innkomne, utsendte og interne saksdokument for Luster kommune på ein bestemt dato. Postlista blir normalt lagt på heimesida 2 dagar etter dokumentet er journalført.
Saksframlegg og vedtak i politiske saker finn ein ikkje i postlista, men i eige oversyn for politiske saker. Postlista har ikkje med dokument som er journalført i personmapper, der hovudvekta av dokumenta er underlagt teieplikt. 

Mange av sakene som blir behandla i offentleg sektor gjeld enkeltpersonar. Saksinformasjon som gjeld ein privatperson kan dermed lett kome til å dukke opp når ein søkjer på Internett, kanskje med heilt andre søkjekriterium, og heilt andre mål for søkinga. Luster kommune vel å verne postlistene slik at personvernet ikkje blir skadelidande. Postlista vert derfor liggande i 3 månader, og det er berre mogleg å søkje i postlista til Luster kommune med vår eigen søkemotor.