Ordførar Ivar Kvalen opna nytt offentleg toalett og pumpestasjon i Solvorn i går kveld. Begge deler har vore etterlengta og arbeidet starta opp i 2017 med mål om å vere klar til årets sesong. Det gjekk bra, og me takkar alle dei som har bidrege. Særleg Hafslo Bygg Service som har teikna bygget, Xylem Norge som har levert pumpestasjonen og hovudentreprenør Gaupne Maskin AS. I tillegg har det vore fleire underentreprenørar deriblandt Røyrleggjarservice AS. Simen Skophamar tok deler av fagprøven sin i røyrleggarfaget på toalettet. Me gratulerar han med vel gjennomført resultat.