«Hauge kjenner lustraskulen godt som tidlegare rektor ved Indre Hafslo oppvekstsenter. Det er også positivt at Hauge har med seg tre års røynsle frå ein større skule med ungdomssteg. Hauge har også gjennomført den såkalla rektorskulen, 30 studiepoeng skuleleiarutdanning, og er kurshaldar for prosjektet «KLAPP – opplæring av lærarar om positiv psykisk helse». Me ønskjer Knut Hauge velkomen attende til lustraskulen og til Luster ungdomsskule,» uttalar kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen om tilsetjinga. Inspektør Mona Bukve ved Luster ungdomsskule vert konstituert som fungerande rektor frå 4. november 2020.