Øvste leiar ved oppvekstsentra i Luster er både rektor og styrar, og Lone Amundsen frå Sortland tok til i stillinga 1. august. Ved tilsetjinga uttala Amundsen at «Eg gler meg til å bli kjent med bygda og alle som bur der - ikkje minst til å bidra i utviklinga av Skjolden oppvekstsenter som ein trygg stad å lære og vekse som menneske, både for barn og vaksne.»
Bente Kjørlaug er tilsett som nestleiar for barnehageavdelinga ved oppvekstsenteret frå 1. august med tittel fagleiar barnehage. Kjørlaug har i ei årrekke vore pedagogisk leiar ved barnehagen i Skjolden og seier at «Det vert spennande å prøva seg i ei ny rolle, og så gler eg meg til å bli kjent med Lone, den nye leiaren, og å samarbeida med henne.»
Kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen er godt nøgd: «Det er så flott og viktig å kunne ha ein leiarduo på eit oppvekstsenter, så dette synest eg er veldig lovande. Amundsen har også «tjuvstarta» litt på leiarstillinga og fått førebuingshjelp av tidlegare rektor Ellen Havellen. Det har vore veldig nyttig. No ventar planleggingsdagar for både barnehage og skule. Det er også fleire andre nye andlet i personalet i Skjolden dette året. Flott med ein miks av røynde lærarar og nye lærarar. Dette vert spennande og kjekt!»
Ny leiarduo på plass i Skjolden
Framfor nytt barnehage- og skuleår er det tilsett ny rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter og ny nestleiar for barnehageavdelinga.