Den nye biblioteksjefen i Luster heiter Heidi Heløy og er på plass frå 1. oktober. Heløy kjem frå stilling som barnehagelærar ved Jostedal oppvekstsenter.
Om den nye stillinga seier Heløy; «Det vert givande å vere med på å skape eit miljø som bidreg til leseglede og at alle kjenner seg velkomne. Eg er glad for denne moglegheiten, og ser fram til nye utfordringar og lærdom.»
Kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen er nøgd med tilsetjinga: «Me hadde fem søkjarar til stillinga som biblioteksjef der Heidi Heløy var den best kvalifiserte. Eg ønskjer Heløy velkomen som biblioteksjef. Sidan Heløy ikkje har bibliotekfagleg bakgrunn, så har det utifrå regelverket vore naudsynt å søkja dispensasjon frå utdanningskravet i biblioteklova. Nasjonalbiblioteket har nyss innvilga denne dispensasjonen.
Heløy har gjort eit solid inntrykk i rekrutteringsprosessen og er motivert for stillinga som biblioteksjef. Eg er viss på at Heløy og dei andre medarbeidarane saman vil utgjera eit godt lag som utviklar bibliotektenesta til gagn for både unge og vaksne bibliotekbrukarar i kommunen.»