Fellesbilete   
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
På biletet kan du sjå Luster sine deltakarar John Havellen, Ken Jarle Johansen, Anita Midtun og Odd Atle Stegegjerdet saman med flesteparten av dei andre deltakarane utanfor rådhuset i Venlo i Nederland. Prosjektet samlar deltakarar frå Tyskland, Nederland, Frankrike og Noreg.
 
Her er ein liten videosnutt frå opphaldet i Nederland: (under filmen er der fleire bilete med tekstar)
 

 
 
På veg til Nederland
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Lustradelegasjonen på veg til Nederland. Frå venstre Odd Atle Stegegjerdet, John Havellen, Ken Jarle Johansen og Anita Midtun
 
 
 

Legg fram synspunkt i plenu
















 
 
 
 
 
Lustradelegasjonen legg fram sine synspunkt i plenum.
 
 
 
 
Det må endringar til

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Det må endringar til...
 
 
 
 
Prosjektet har som hovudmål....
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Prosjektet har som hovudmål å kartleggja vilkåra for arbeid for yrkes- og utviklingshemma i dei fire deltakarlanda. Det overordna ønskjet er sjølvsagt å bidra til å påverka utviklinga, slik at FN sin konvensjonen (som seier at arbeid er ein menneskerett) ein gong skal verta ein realitet.
 
 
 
 
Alt blir behørig dokumentert...   
 
Prosjektet er lagt opp slik at deltakarane får høve til å møta og intervjua leiarar, politikarar, interesseorganisasjonar, yrkeshemma arbeidstakarar og andre i dei ulike landa som er med. Her møter og intervjuar delegasjonen frå Luster ein representant for nasjonalforsamlinga i Nederland. Yrkeshemma menneske skal sjølv vera med i utforminga og gjennomføringa av prosjektet. Alt blir behørig dokumentert, både skriftleg og i film og bilete.
 
 
 
 
ken mfl brukarar
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Ken Jarle og Anita møter yrkeshemma arbeidstakarar i Venlo
 
 
 
 
 
Tulipanar gave
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Tulipanar er eitt av Holland sine varemerke. Her får John og Odd Atle tulipanar i tre som gåve frå arrangøren.