Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

Luster kommune har delt ut kulturpris sidan 1985. 

I nominasjonen av kandidaten til årets kulturpris  heiter det : 

Kandidaten har vore medlem av Gaupne helselag i 33 år og har vore leiar i styret i to periodar totalt 18 år. Ho har vore fylkesleiar i åtte år og ho har vore medlem av sentralstyret  Nasjonalforeningen for folkehelsen sidan 2018.

Ho brenn for folkehelsearbeid der ei god demensomsorg står høgt.

Gaupne helselag fyller 100 år i år og dei har mange medlemmar. Mange av dei er frå andre bygder i Luster. Ein må ikkje bu i Gaupne for å vera medlem. 

Kandidaten har eit aktivt styre med seg og i tillegg  har laget mange medlemmar som er gode hjelparar. 

Gaupne helselag har mange aktivitetar for både liten og stor. Me kan nemne:

* «Fri moro» for barn fyrste veka i sommarferien i samarbeid med frivilligsentralen og folkehelseavdelinga i kommunen. 

*Skulelunsj for elevar i grunnskulen og servering av gulrotvafler til barnehagebarn.

*Hjartetrimdag på våren for alle! 

*Blomsterutdeling til jul for personar som har fylt 85 år – levert av helselagsmedlemmar som må ta seg tid ved levering, til ein kaffekopp og ein prat.

*Postkasser på ulike turstadar m/klippekort - og med premiering i juni og desember for vaksne og born. – Flotte premiar som er finansierte av basarinntekt. 

*Seniorkafeen på hotellet siste torsdagen i kvar månad, til kommunen overtok.

*Gratis servering av kaffi og kaker ved influensavaksineringa gjennom mange år.

I tillegg har kandidaten vore delaktig i Gaupne småbarnsklubb og i diakoniutvalet i Gaupne sokn i mange år.

Ho har vore innsamlingsleiar for Gaupne, TV aksjonen NRK i fire år og ho har vore med i styringsgruppa for «Friskhuset».

I nominasjonen er det streka under at: kandidaten får kulturprisen for innsats for frivillig arbeid gjennom mange år og for folkehelsearbeid. Det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til:  Asborg Leirdal Kjærvik. 

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning.  Saman med eit diplom er kulturprisen også ein gåvesjekk på kr 15 000 og ei blomsterhelsing.