Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kunngjeringar og høyringar

Her finn du kommunale planar og andre saker som er lagt ut til offentleg ettersyn.

Dette kan vere offentleg ettersyn med heimel i plan- og bygningslova eller fordi kommunen ønskjer å få innspel eller merknader til ei sak.
Dersom du ynskjer å kome med innspel kan du gjere dette på vårt elektroniske høyringsskjema.

I oversikta under finn du aktuelle kunngjeringar og planar som ligg ute til offentleg ettersyn.

Ny opplæringslov - høyring om lokale forskrifter

Luster kommune skal vedta fleire forskrifter før skulestart i august 2024. Bakgrunnen er at det vert innført ny opplæringslov frå 1. august 2024. Nedanfor kan du lesa meir om dei ulike forslaga og gje innspel på forskriftene. Høyringsfrist 31.05.24.

Skulebarn gruppearbeid

Detaljregulering for Lustraporten, Hafslo

Plan- og forvaltingsutvalet vedtok i møte 14.09.2023 (sak PFU – 62/23) å leggja forslag til detaljregulering for Lustraporten, Plan-ID 2018001, med plankart, føresegner og ROS-analyse, ut til andre gongs offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Høyringsfrist torsdag 25. april 2024.

Lustraporten plankart
1